I denne romanen møter me Berit. Ho slit med angst og uro; berre det å ta bussen inn til byen kan einskilde dagar vera for stor ei oppgåve. Ho et roande piller, og det hjelp. Ho greier seg så lenge ho har pillene, men ho vert sløv av dei og, og mannen hennar uroar seg for henne.
Gjennom mange blikk attover til barndom og ungdom får me vite stadig meir om
kvifor Berit slit.Dette tykkjer eg var ein engasjerande og fin roman. Eg har før lest mykje av det Belsvik har skrive, og eg likar godt måten han skriv på og tema han tek opp. I denne romanen får han vist oss korleis vonde opplevingar tidleg i livet kan vera med som tung og uønska bør heile vegen vidare.