Quantcast
Channel: Privatblogger – Norske bokblogger
Viewing all articles
Browse latest Browse all 16995

Omslagsonsdag: Oransje

$
0
0
Ein artig utfordring som eg fann på ein svensk bokblogg; Bokpotaten - via Bokföring enligt Monika. Utfordringa går ut på å finna og visa fram omslag innan ulike tema, og denne veka er tema
fargen oransje.

Her er mine utvalde bøker med oransjefarga omslag. Utvalet er litt tilfeldig, men prega av at eg les mest innan krimsjangeren. Eg har lest og anbefalar alle desse.


Eg les ein del svenske bokbloggar - fordi det her er mange tips å henta for meg som er så glad i svensk krim. Ein annan grunn er at eg rett og slett ønskjer å forstå meir og å bli betre i det svenske språket. Kanskje såpass bra at eg kan lesa ei heil svensk bok - på svensk.
Eg har prøvd ein gong, men ga opp; det var for mange enkeltord eg ikkje skjønte tydinga av - og difor vart lesinga stadig avbroten av at eg måtte slå opp og sjekka kva ordet betydde. Boka vart fullført etter ei tid, - i norsk oversetjing. ... (Blogginnlegget er hentet fra Berit sin bokblogg)

Viewing all articles
Browse latest Browse all 16995