Ho var kledd i ullkjole og kappe med bronsenål, og på føtene var leivningar av mjuke kalveskinssko.
Slaget på Vigrid er den fyste av to bøker i serien Song for Eirabu av Kristine Tofte.
Song for Eirabu er songen om verdas grøde, om verdas ende, og om det som må skje for at verda skal enda. Midt i songen finn ein systrene Ragna og Berghitte som begge ventar på lagnaden sin. Dei er meint for større ting enn det vesle smedhuset i skogen, det har dei fått høyre heile livet. Ein dag kjem kongen av Fagerheim og hentar Ragna. Ho skal takast i læra som blotgydje, offerprestinna på kongsgarden. Att står systera Berghitte saman med faren som ho ikkje kan fordra, den ubrukelige mora og den enda meir ubrukelige byting-broren Kjerald. Ho lengtar etter større ting enn bloting til gudar og Fagerheim, ho lengtar etter å verta dronning. Og ho lengtar etter systera Ragna. Kvifor kan ikkje lagnaden koma til henne snart, slik han kom til Ragna?
Dei to systrene er fanga i gudespel og spådom, i ei verd som er på randen av å forsvinna, herja av krig og øydelegging. Kongen av Syrren i sør tar for seg land etter land oppover mot Blåinn, og om ikkje kong Brage av Fagerheim snart samlar ein hær som kan stå i mot, vil den gylne løva frå Syrren sluka dei alle.
... (Blogginnlegget er hentet fra , skreiv han.)

Ei i berget det blåfor blod kan ein lita påei gir hove blodei er drotten trufor blod kan ein lita på
Slaget på Vigrid er noko av det beste eg har lese av fabelprosa - og attpåtil på nynorsk! Tofte evnar å engasjere frå fyste side og verdsbygginga er rik, djup og ulidelig spennande. Språket er fantastisk, nynorsken så målande og levande at boka spann som ein film i hovudet medan eg las. Trass litt vakling og ustø sjonglering mellom karaktersynspunkt og overfløyming av bakgrunnsinformasjon, er det vanskeleg å tru at Slaget på Vigrid er Toftes debutroman. Personlig fann eg bakgrunnsinformasjonen spennande og til tider saumlaust innvove i historia. Både land, soger og karakterar er godt utvikla og kjem levande ut blant orda. Gler meg til å ta fatt på neste og siste bok i serien! Kjekt å sjå at fabelprosa tufta på norrøne soger og aner er i anmarsj, med både Toftes Slaget på Vigrid, Siri Pettersens Odinsbarn og Tonje Tornes si bok Hulder som gode dømer på korleis det kan gjerast. Fire av fem komma!Vergene tre vil vikegudeborna svikesøstrene tre vil ståfor blod kan ein lita påSlaget på Vigrid, s. 15