Det er berre nokre få dagar til jul; folk går rundt på kjøpesentra i "julepsykosen"; tomme blikk og (nesten) tomme lommebøker. Eg prøver alt eg kan å unngå juleforventningar, julekrav, julemas og julestress - eg har lyst til å finna roen og ettertanken, - som vel jula handlar mykje om.
No har eg i alle fall funne ei bok å roa meg ned med. Ei bok med forteljingar om det mislykka og ufullkomne, men også om tru og håp. Eg les i novellesamlinga Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen. Boka vart lånt på biblioteket med tanke på julelesing, men eg har alt lest ein heil del. Dette er fine og koselege forteljingar til ettertanke. Perfekt lesestoff akkurat no.
Bare mjuke pakker under treet er ei fin samling noveller der jul og juleforventningar er tema. Det er jul i Skogli, Henriksen si fiktive bygd som me kjenner att frå fleire andre bøker av denne forfattaren. Denne boka kom ut i 2005 og vart då godt motteken både av lesarar og kritikarar.
Jula er ei vanskeleg tid for mange. Særleg for folk som er einsame; ein vert gjerne ekstra einsam sidan det er forventa at ein skal kosa seg så veldig med vener og famile i jula. Me får møta fleire personar som har det litt vanskeleg i denne boka. Henriksen skildrar dei alle med varme og innleving. Språket er enkelt, ujålete og muntleg. Historiane er kvardagslege, fine og litt såre.
Og litt sentimentalitet er fint, i alle fall når det snart er jul. Boka anbefalast! ... (Blogginnlegget er hentet fra Berit sin bokblogg)