
Eg vart frista til å prøva e-bok denne veka då ark.no hadde kampanje og tilbod på e-bøker frå kroner 29,- pr stk. Utvalet var høgst begrensa (eg hadde lese alle tilbodskrimbøkene tidlegare) og valet mitt fall på Arven av Katherine Webb. Ei bok og ein forfattar eg har høyrt mykje bra om, men som eg tidlegare ikkje har hatt spesielt lyst til å lesa. Eg er nemleg full av fordommar når det gjeld typiske dameromanar - som eg har inntrykk av at dette er. (Eg har aldri lest noko av Kate Morton og Lucinda Riley heller - men har prøvd meg på Samartin)

Etter fleire hardbarka og testosteronfulle machobøker på rad (Lee Child, Jens Lapidus, Tom Kristensen og no - Roar Sørensen) har eg behov for litt avveksling og håpar at eg kan roa meg ned med Arven og kanskje finna fram den meir feminine sida av meg sjølv?
Eg brukar mobilen som lesebrett. Det er uvant å lesa bok på den måten, men det funkar greitt. Førebels har eg ikkje lest meir enn omlag 30 sider, så eg veit ikkje kva eg meiner om boka enno.
Arven er ei bok med to parallelle historiar. Historia frå notida handlar om dei to søstrene Beth og Erica. I historia frå fortida, byrjinga av 1900-talet, møter me oldemora deira, Caroline. Til høgre kan du lesa starten av prologen.

Smakebit på søndag er ei bloggutfordring som går ut på å dela ein liten bit av boka du les akkurat no.
Ta ein tur innom hos Mari og flukten fra virkeligheten og smak!