Quantcast
Channel: Privatblogger – Norske bokblogger
Viewing all articles
Browse latest Browse all 16995

Mammuttid

$
0
0
Som alle bokinteresserte veit, nærmar det seg tida for årets  Mammutsal . I samband med salet er det fleire bokbloggarar som har delt sine tips med andre; det kan vera nyttig lesing. Det er ikkje heilt enkelt å orientera seg når det er over 800 titlar som vert lagt ut for sal. Les gjerne Bokelskerinnens guide til Mammutsalget , her finn du òg lenker til andre bloggpostar om temaet. Sidan eg helst låner bøker, kjem eg ikkje til å nytta tilbodet i særleg grad, men eg har merka meg nokre få titlar som eg kan tenkja meg: Anna Gavalda - Ein vakker dag   Jens Lapidus - Livet deluxe Henning Mankell - Minnet om en skitten engel Ann Cleves - Blått lyn Terje Emberland & Bernt Rougthvedt - Stormlaget Eg var litt spent på tilbodet av lydbøker  på Mammutsalet, men her var utvalet skuffande: berre 24 titlar inkludert barnelydbøker. Fann kun to "brukbare" som eg ikkje har lytta til før:   Anna Gavalda - Lykka er ein sjeldan fugl Åke Edwardson - Dans med en engel   I kategorien Dokumentar, samfunn og politikk  finst ein heil del interessante titlar, men slike bøker vil eg gjerne bla litt i før eg evt. kjøper dei. Det same gjeld for biografiar og memoara r . Elles har eg jo lese ein heil del av bøkene som no er for sal, - spesielt innan krim og spenning . Spesielt varme anbefalingar kan gjevast til: Håkan Nesser - De ensomme , les meir om  Barbarotti-kvintetten ! Jussi Adler-Olsen - Flaskepost fra P , les gjerne meir om Avdeling Q her ! Chelsea Cain - Hjerterått , les meir om Gretchen og Archie ! John Hart - Ved elven , les bloggpost om forfattaren ! Lene Kaaberbøl - Kadaverdoktoren , få med deg ein liten smakebit ! og dessutan til ei knakande god  ikkje-krimbok: Den førebels siste i Jarle Klepp-serien Tore Renberg - Dette er mine gamle dager Krimbøkene nedanfor er òg mellom godbitane i det kommande Mammutsalet. Desse hadde eg skaffa meg - om eg ikkje hadde lest dei tidlegare:  Jørgen Brekke - Nådens omkrets Kjetil Try - Frels oss fra det onde Jo Nesbø - Gjenferd Kjell Ola Dahl - Isbaderen Karin Fossum - Jeg kan se i mørket Knut Faldbakken - Natthagen Vidar Sundstøl - Ravnene Hans Olav Lahlum - Satelittmenneskene Jørn Lier Horst - Vinterstengt Thomas Enger - Skinndød Johan Theorin - Blodleie Håkan Nesser - Carmine Street Liza Marklund - Livstid Gert Nygaardshaug - Chimera ... (Blogginnlegget er hentet fra Berit sin bokblogg)

Viewing all articles
Browse latest Browse all 16995